25. sep. 2013

Heimfall

av Eirik Ingebrigtsen


Familie og jul; kva fløyelsband knyter seg ikkje rundt oss alle. 

Det er Johan som tenkjer. Johan som har mist si høgt elska kone Inger og skal feire den fyrste jula utan henne. Johan som får heim den døyande dottera Judith. Johan som har sonen Einar som feirar jul på Gran Canaria. Johan som har grannen Audun som sitt faste punkt i tilveret. Johan som vaskar og legg granbar rundt veggane i kjellaren  for å hindre golvtrekken krype bort til senga der Judith skal ligge. Johan som tenkjer at sjølv om det er ei omsorg i alt han gjer nå, så vil han ikkje ha dottera her likevel.

Vi kjem inn i forteljinga fire dagar før jul, familiehøgtida framfor nokon med alle sine forventningar og tunge tradisjonar. Dette er inga lykkeleg juleforteljing. Det er ei forteljing om sorg, lengt og einsemd, ei slags omvend juleforteljing. Boka krinsar kring tabuar knytt til familierelasjonar, til individet og familiefellesskapen. ...det er den pendlinga vi også heldt på med, familien, heile tida prøva å møtast... ei uendeleg sorg over å vera aleine bak kjærleiken i å tilhøyra andre... Familie er berre eit ord, tenkjer Johan.

Heimfall
har akkurat blitt tildelt Sultprisen og er ein nydeleg roman du kan lesa langsamt og avdekkje lag på lag med meining. Boka greip tak i meg og heldt meg i eit stramt grep lenge etter at eg la ho frå meg den natta eg ikkje sløkte nattlampa. Heimfall er ei av mine sterkaste leseopplevingar i år.

Rita Mundal
Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...