2. juni 2014

Det var grønt

av Kjersti Anfinnsen



Ei av desse litt anonyme, tynne kulturfondbøkene, romanar som ofte blir dytta inn i hylla, godt gøymd mellom tjukke bestseljarar overfylte av store ord. Med denne i handa har ein det heilt motsette.

Anfinnsen har prestert ein fortetta, velskriven debutroman bygd opp av eit stramt språk som står perfekt til den i utgangspunktet mislykka hovudpersonen. Ein tannlege med eit sjølvutslettande syn på både seg sjølv og omverda blir kontakta av sonen han aldri har hatt kontakt med, noko han heller aldri har ønskt. Mora er død, og 12-åringen ønskjer å bli kjend med faren. Det heile startar som ei stussleg historie om ein lite likande mann, men utviklar seg raskt til å bli ei sterk forteljing med sårvittige undertonar. Etter kvart får lesaren også smerteleg innsikt i kva som har forma hovudpersonen til dette kjenslelause vesenet av ein mann.

Ved sida av ei verkeleg god historie, er det språket som gjer denne boka til ei uforgløymeleg reise i kjærleik og einsemd, lort og svik, familie og relasjonar. Ein roman som fortener lesarar meir enn ein børtgøymd plass i hylla.



Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...