22. okt. 2014

Den ærlige bedrageren

 av Tove Jansson


I år er det 100 år sidan Tove Jansson vart fødd. Ho er mest kjend for bøkene frå Mummidalen. Mummibøkene passar for alle aldrar, men ho har òg skrive fleire bøker særkild med tanke på vaksne lesarar. Ei av desse er Den ærlige bedrageren. Anna Aemelin er ei eldre kvinne som bur aleine i det store huset sitt. Der målar ho detaljerte bilete av skogbotnen og skriv barnebøker. Ho har oppnådd suksess med bøkene, men er upraktisk og naiv. Etterkvart flyttar unge, geskjeftige Katri inn saman med broren Mats. Påskotet er at ho vil hjelpe Anna med praktiske gjeremål, føre rekneskap og setja ein stoppar for at ho blir utnytta økonomisk. Der Anna er naiv, er Katri styrt av grunnleggjande skepsis og mistru, og på sin bereknande måte tek ho snart over styringa i huset, bur gratis og driv ei rekneskapsføring til fordel for seg sjølv. Gjennom vinteren Katri bur i huset, utviklar det seg eit konkurransetilhøve mellom dei to kvinnene. Dette kjem best til uttrykk gjennom forholdet deira til Mats og til den store hunden. Boka krinsar kring tillit, mistillit, ærlegdom, bedrag, nærleik og avstand. Kva er ondt? Kva er godt? Som tittelen indikerer, får forfattaren fram nyansane, det tvetydige og paradoksale i menneskesinnet. Dette er ei bok du har med deg lenge etter at du har late ho att.

Dei som har glede av å lesa bøker med notatbok og penn, kan berre belage seg, for som alltid hjå Jansson kryr det av sitatverdige utsegn. Eg avsluttar med tre av dei:

Anna, stoler du på meg?
Ikke noe videre, svarte Anna elskverdig.

Jeg vil mye heller bli lurt enn å stadig gå rundt og være mistroisk.

Hun skurte med et slags omsorgsfullt raseri, slik kvinner gjør rent når de ikke kan slå. 

Rita Mundal
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...