11. mars 2015

Bruken av gjedde

av Markus Lantto


Lantto er ikkje oppteken av å lokke med lesaren frå starten. Vi finn små, rare og skakke forteljingar. For eksempel starter historia om elvemuslingen som eit faktatungt essay, før Lantto flettar inn deler av verdshistoria. Vi får også være med når hellenistiske statuar flyktar gjennom Riga. Og vi reiser gjennom Lanttos heimland, Sverige. Vi møter Elvis, Hitler, den utomjordiske Tim og sheriffen Tony. Alle er dei nokså mistilpassa i tilvera. Lantto opptrer sjølv i ei rekkje kapittel, her er det klare biografiske trekk.


Dette er ei trist bok, men den er også full av absurd humor. Den kan opplevast som vanskeleg å forhalde seg til, da den ikkje følgjer formalia for nokon tradisjonell sjanger. Ei bok som må lesast med eit ope sinn. Eg har lese denne boka humrande, iblanda forundra løfting av augebryn, noko hovudristing og breie glis.




Signe Thoresen Rolstad
Dovre folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...