14. apr. 2015

Bursdagsgaven

av Sue Monk Kidd


Historia startar i Charleston i South Carolina 1803. Den velståande og høgt respekterte dommarfamilien Grimké feirer fødselsdag; Sarah, barn nummer fem i ein søskenflokk på ti, fyller elleve år. I gåve av sine foreldre får ho den jamaldra slavejenta Hetty, ei gåve ho på det sterkaste forsøker å avslå. Sarah er ikkje heilt som andre unge rike jenter i si samtid; ho drøymer om å studere jus og blir etterkvart ein forkjempar for å avskaffe slaveriet.
 
Slavejenta Hetty og mor hennar har på si side vanskar med å leve etter dei kvites strenge regime, og drøymer om eit tilvære utanfor Grimkés porter. Dei motsett seg i det stille den autoriteten dei dagleg blir utsette for og forsøker så godt dei kan å verne om sin eigen identitet og integritet. Hetty og Sarah utviklar eit spesielt venskap og ei felles forståing for kvarandres problem; «Kroppen min er en slave, men ikke tankene mine. For deg er det motsatt».  
 Vi følger jentene, deres vennskap og deres kamp, i ei tidsperiode som spenner seg over 35 år. Dette er ei historie om stort mot, fridomslengsel og ein sterk trong til å bryte med samfunnets fastlåste kvinne og menneskesyn.

Boka bygger på ei sann historie om personar som har levd i verkeligheten. Sarah Grimké og hennar søster, Angelina Grimké, var dei første kvinnelege forkjemparane for avskaffelsen av slaveriet. Søskenparet var i tillegg pionerar innan den feministiske tankegangen i Amerika og har i historisk forstand bidrege til den vestlege sivilisasjonens utvikling.  Dette gjer boka enda meir interessant. Det er ei velskrive, spanande, og engasjerande historie.
 
Tove Jøndal
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...