10. juni 2015

Mine fem år som far

av Bjarte Breiteig


«-Vi satt ved middagsbordet da politiet kom. Det var tirsdag, og som alltid på tirsdagene hadde vi fisk. Guttene ville ikke spise. De sutret og maste om is, men tidde brått da det ringte på-«

På trappa står politiet. Selma, dotter av Martin sin ekskjæraste Lillian,  kan ha vore utsett for overgrep. Martin er mistenkt. Gradvis blir det avdekt eit liv så heilt annleis enn det overflata seier.

Martin er ein god far, faktisk meir deltakande og nærværande enn fedre flest. Det er han som er heime, medan kona Gina er mest oppteken av karriera si.
Når Lillian blir forlatt av sambuaren sin, stiller Martin opp for henne og snart er han like mykje hjå Lillian, som heime hjå sin eigen familie. Han fører eit dobbeltliv der han pendlar mellom Gina og Lillian.

Hovudpersonen er ein sympatisk mann på mange måtar, men forfattaren balanserer hårfint mellom dette og den usympatiske sida av Martin.
Som forfattaren sjølv seier; «Det er to ting eg mislikar i litteraturen. Det eine er seksuelle overgrep, det andre er menn som ikkje klarer å velje mellom to kvinner».
Så var det nett desse to  elementa som skulle bli bærebjelken i den fyrste romanen hans.
Forfattaren har gjeve ut fleire novellesamlingar.

Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...