1. okt. 2015

Uten personlig ansvar


 av Lena Andersson




Hovudpersonen i denne romanen har forfattaren presentert for oss tidlegare, i boka «Rettsstridig forføyning» som ho fekk Augustprisen for.


5 år seinare møter vi att Ester Nilsson, akademikar i 30-åra. Ho treffer ein ny mann i livet sitt, Olof, som ho fell djupt for. Heller ikkje denne gongen har ho noko særleg hell med seg i kjærleiken. Han er gift og har ikkje til  hensikt å bryte opp. Dette vil ikkje Ester ta innover seg, ho meiner at det er dei to som høyrer saman. Ho gjev alt med opne augo for i kjærleik er det berre det som gjeld, medan han porsjonerer og er forsiktig og svevande. Han gjev akkurat så mykje som han treng for ikkje å miste Ester.


Forholdet går over år. Ester tolkar og analyserar alt som Olof seier og gjer, om att og om att, til ho står att med den versjonen ho ynskjer. Ho ventar og håpar, men blir plassert i den tradisjonelle elskarinnerolla. Ester har også veninner som ho av og til rådfører seg med, men - dess meir kritiske desse blir, dess meir trekkjer ho seg bort frå dei. Ho vil ikkje sjå.


Lena Andersson skildrar komplisert kjærleik med svart humor og eit svært presist språk.


Torill Iversen
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...