29. mars 2016

Der fire veier møtes

av Tommi Kinnunen


Sist på 1800-talet kjempar den nyutdanna åleinemora Maria for å vinne tillit blant innbyggjarane som jordmor på den finske landsbygda. Det hardføre folket er ikkje nådige, men Maria hevar seg over folkepraten, og oppnår etter kvart stor respekt for sin utrøyttelege kamp for dei fødande.

I vaksen alder får også dottera Lahja eit barn utanfor ekteskap, men ho giftar seg seinare med Onni, som ho får to barn saman med medan dei framleis bur saman med Maria. Onni ber på ein stor løyndom som medfører at han får store psykiske problem etter krigen, og den aldrige Lahja blir etter kvart buande att i det alt for store slektshuset saman med sonen Johannes, svigerdottera Kaarina og borna deira - eit hus prega av løgner, misfortåingar og ihelteiing av alt for mykje usagt.

Debutanten Kinnunen har prestert å skrive ein klassisk slekstsroman som skil seg ut med sin radikale komposisjon, sitt gode språk og sine klare karakterskildringar. Handlinga foregår over eit hundreår, og kvart slektsledd blir skildra kvar for seg i eigne delar av boka, for så på meisterleg vis å bli knytte saman. Ein uforgløymeleg roman med sterke karakterar som viser kvifor folk handlar som dei gjer i samspel med andre menneske, spesielt innanfor familien.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...