26. aug. 2016

Maus

av Art Spiegelman


Maus er ein teikneserie, kanskje den viktigaste teikneserien som nokon gong er utgjeve. Art Spiegelman fortel historia om sin far, Vladek Spiegelman, ein overlevande frå nazistanes konsentrasjonsleirar. Vi følgjer Vladek gjennom ungdomstida og giftemål i Polen før krigen, til fangenskap i Auschwitz og livet etter krigen. Overlevingshistoria er sterk, Art Spiegelman maktar å beskrive det ubeskrivelege – den ufattelege tragedien  som ramma jødane under den andre verdskrigen. Teikneserien er ein stille triumf, bevegande og enkel, den er full av smerte og humor, og den fangar meg som lesar da den opplevas som ein utroleg viktig historie. 

Maus er teikna i svart/kvitt, bileta er ganske små og teksten er handskrive. Nazistane er kattar, jødane er mus, polakkane er grisar og amerikanarane er hundar, alle skildra veldig menneskeleg. Art Spiegelman bruka 13 år på å ferdigstille Maus, i 1992 vann den, som fyrste teikneserie nokosinne, den anerkjende amerikanske «The Pulitzer prize».   

Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...