20. juni 2017

Hjertet er en ensom jeger

av Carson McCullers

Aschehoug, 2016


Sørstatane på 30-talet. Døvstumme John Singer bur saman med ein annan døvstum, den matglade grekaren. Men når grekaren blir sjuk og havnar på mentalsjukehus, må Singer byrje tilvera på nytt. Så blir han kjend med fire personar: den fattige tenåringsjenta Mick, som har hovudet fullt av musikk; kafèeigaren Biff Brannon, den provoserande agitatoren Jake Blount; og den svarte legen Dr. Copeland, som er svært engasjert i "negerspørsmålet". Alle finn dei vegen til John Singer, ein slags taus skriftestol for store og små problem. Vi kjenner varmen dirre over byen, heten gjer at menneska må senke tempoet, hemmeleg liv utspelar seg på natta. Rasismen gjennomsyrer samfunnet, svarte lev annanrangs liv, og blir lett tilfeldige ofre for sinne og frustrasjon frå fattige kvite.

Boka vart utgjeve i New York i 1940, da var Carson McCullers berre 23 år. Den kom på norsk første gong i 1945, og i ny språkdrakt i 2016. Da boka kom ut i USA fekk ho status på line med "Drep ikke en sangfugl" av Harper Lee. 

Karen Blixen var på sitt einaste New York-besøk i 1959. Da ynskte ho å møte to personar, Carson McCullers og Marilyn Monroe. Bileta frå lunchen deira er legendariske.

Denne utgåva er omsett av Ragnhild Eikli.


Signe Thoresen Rolstad
Dovre folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...