21. jul. 2017

Når vi møtes igjen

av Kristin Harmel
Cappelen Damm, 2017


Ein familiesaga, ei kjærleikshistorie, eit mysterium og ei spennande ukjent krigshistorie

Emily har akkurat mista bestemora si, Margaret. Like etter gravferda får ho ei mystisk pakke. I pakka ligg eit vakkert  måleri av ei ung kvinne som står i ein åker under ein lilla himmel. 

Avsendaren er anonym. Det fylgjer med ein liten handskriven lapp der det står: «Han elsket henne hele tiden». Kvinna på måleriet liknar bestemora. Emily skjønar etter kvart at «han» er bestefaren hennar. 

Emily byrjar å nøste i mysteriet. Fleire spor leiar mot ein fangeleir i Florida, der tyske krigsfangar jobba for amerikanske bønder.  Men kva har alt dette med måleriet å gjere? For å finne svar, dreg Emily ut på ei reise som tek ho til München og attende til Atlanta og kunstnarmiljøet der. 

Samstundes får vi fortalt bestefarens historie som tysk krigsfange i USA. Under andre verdskrig vart fleire hundre tusen tyske krigsfangar sendt til USA, her jobba dei for amerikanske bønder. Som krigsfange møter  bestefaren bestemora Margaret og dei blir hodestups forelska – men denne kjærleiken er forbode. Familien til Margaret fordømer bestefaren og seier at han er fiende og nazist. Men dei får nokre få verdfulle møte i smug.

Ei godt skrive bok som er både varm og interessant.

Omsett av Benedicta Windt-Val.


Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...