5. nov. 2018

Gud hjelpe barnet

av Toni Morrison

Aschehoug, 2016


Ho kallar seg sjølv Bride og er ei ung, elegant og sjølvsikker forretningskvinne, men vart fødd med slik ei uvanleg svart hud at det kom som eit sjokk på foreldra. For den ljoshuda mora, som ironisk nok kallar seg Sweetness, er dette så skammeleg at ho nektar dottera det minste teikn til kjærleik. Ho klarar knapt ta i henne, og er overtydd om at slik ei svart jente må herdast. Difor må dottera oppsedast strengt. Far reiser – han kan ikkje tru dottera er hans. Gjennom fleire røyster får vi høyre ei historie som syner oss korleis vonde erfaringar i barndommen kan forme og øydeleggje eit vakse liv. Her skildrast omsorgssvikt, avvising og gripande, stygg rasisme. 

Dette er den fyrste romanen til Toni Morrison med handling sett til tida vår. Gjennom brutal presisjon og innsikt gjer forfattaren dette til ein medrivande og hjarteskjerande lesnad. Ho er god på å syne oss mangfaldet i livet. Dette blir ikkje minst, ein viktig lesnad. Toni er ein av dei største forfattarane våre. Ho vart tildelt Nobelprisen i litteratur 1993.
Omsett av Bodil Engen.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...