5. sep. 2013

Den fremmedes barn


av Alan Hollinghurst

Romanen er delt opp i seks delar og fevnar eit heilt århundre.
Handlinga tek til ein weekend sommaren 1913 på eigedomen Two Acres som er familieheimen til George Sawle. Han har med seg heim ein gjest denne helga,  venen Cecil Valance.  Valance er ein vakker og bekymringslaus poet som den 16 år gamle syster  til George, Daphne forelskar seg i.  Det skal visa seg at det er fleire som er betatt av Cecil, nemmeleg George.

Før Cecil dreg skriv han eit dikt i minneboka  til Daphne som han kallar «Two Acres».  Ho tek dette som ei kjærleikserklæring og ser ikkje, eller vil kanskje ikkje sjå, kva følelsar det er mellom George og Cecil. Diktet blir hans mest kjende og etter at Churchill siterer diktet under fyste verdskrig, representerer det sjølve England.

I neste scene er vi 13 år fram i tid til året 1926. Daphne har fått tittelen Lady Valance og etter kvart forstår vi at Cecil har falt i krigen og Daphne er gift med broren.  Forfattaren skildrar ikkje alle hendingane i klar tekst, men let oss gjera oppdagingane gjennom at dei blir referert til.

Eit tema i boka er dei homofile sin kvardag, om å leva eit dobbeltliv og om kampen for å kunne stå fram som den ein verkeleg er. Samt korleis haldningar til homofile forandrar seg over eit århundre. Eit anna tema er kampen om Cecil sitt ettermæle.


Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...