27. nov. 2013

Hjem

av Toni Morrison


Handlinga er lagt til Georgia i USA på 50-talet. Her veks hovudpersonen Frank opp, ein svart gut på 24 år som har kome heim frå Korea-krigen. Frank og dei to barndomsvenene verva seg til militæret for å koma bort frå heimeplassen med stillstand og fattigdom. Berre Frank vender heim i live, men han har fått store mentale sår etter dei grufulle opplevingane i Korea. Han kjem heim for å hjelpe veslesyster si som han alltid har vore sterkt knytt til og har teke ansvar for. Dei to har hatt berre kvarandre.

Etter at Frank verva seg, har systera latt seg utnytte både av menn og arbeidsgjevarar. Hjå den siste misser ho neste livet før Frank dukkar opp og reddar ho. Vel heime stiller nabokvinnene opp og pleiar syskena med omsorg og klokskap. Frank oppdagar kvalitetar ved heimeplassen som han ikkje har evna og sett tidlegare; samhald, stoltheit og livsvisdom.

Toni Morrison blir rekna som ei av dei viktigaste representantane for afroamerikansk litteratur og fekk i 1993 Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Ho er kjend for å ha eit direkte, men svært poetisk og levande språk. Slik er det også i boka Hjem som eg kan anbefale på det varmaste.

Torill Iversen
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...