19. nov. 2013

Sønnen

av Michael Rostain



Rørande, varmt, sterkt og ekte
I denne korte sjølvbiografiske romanen gjev Michel Rostain oss ei nær og varm forteljing om eit nesten ufatteleg tap. Vi møter ein far som har opplevd alle foreldre sitt største mareritt. Sonen, Lion, på 21 år, dør plutseleg av hjernehinnebetennelse.

Lion var ein vanleg ung mann som var godt i gang med planleggjing av framtida. Etter hans død byrjar Michel å tenkje over om det er noko han kunne gjort for å forhindre sonens død. .

Eit sterkt verkemedel i boka er at forteljaren er den døde Lion. Forfattaren har dikta seg inn i sonen sitt hovude og prøvar på den måten å formidle kva han tenkjer om faren og hans sorg. Dermed kjem vi tettare innpå deira far-son-forhold, og via sonen får vi oppleve både humor og glede.
 
Med Lions "stemme" beskriv Rostain tida før og etter dødsfallet, fortvilinga, sorgen og raseriet.  Det er sjølvsagt ei sår forteljing, men den er fylt med klokskap, varme og til og med litt humor. Faren er tidvis både komisk og patetisk der han saumfer tinga til sonen.

Dette er ei skjønn lita perle av ei bok, ei varm og trist-god forteljing med mykje kjærleik.
God bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...