av Alice Munro

I tre av novellene møter vi Juliet. Fyrst som ung der ho møter sin komande ektemann. Seinare som ung mor der ho tek ungen med seg og reiser på besøk til foreldra sine. Til sist møter vi ei eldre og einsam Juliet med vellykka karriere, men med ei vaksen dotter som ikkje vil ha kontakt med mora si.
Munro er kjend for å skrive lange, innhaldsrike noveller, nesten miniromanar. Ho evnar å presentere situasjonar og personar på ein slik måte at dei går under huda på lesaren. Ho skriv jordnært om kvardagslege hendingar som lesaren kjenner seg att i. Ho skildrar relasjonar, mann og kvinne, foreldre og barn, venninner, på ein særs presis måte. etter å ha lese "Rømlingen" vart eg ein stor fan av den kanadiske forfattaren. Eg tykkjer ho skriv fantastisk godt og eg anbefaler bøkene hennar på det varmaste. Alice Munro er den leiande forfattaren innan novellesjangeren og inspirerer forfattarar over heile verda. Ho fekk Nobelprisen i litteratur for novellekunsta si i 2013.
Torill Iversen
Lom folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar