14. apr. 2014

Ny finsk grammatikk


av Diego Marani


I september 1943 blir ein mann funne hardt skadd på ei brygge i Trieste, Italia. Han blir lagt inn på eit tysk troppetransportskip der han blir behandla av ein finsk lege. Det fins ikkje noko papir på kven mannen er, einaste hint er namnet på lappen i jakkekragen; Sampo Karjalainen.. Med eit slikt utgangspunkt for identifisering er det duka for ei spennande historie. Sampo blir etter kvart noko betre, legen prøver å lære han det finske språket, men han står fortsatt utan minne. Sampo blir sendt attende til Finland, landet legen meiner han tilhøyrer og har sin «heim».  Dette blir ei storstilt søken på eige liv, ei storstilt reise gjennom språk og identitet, gjennom liv og minner, men òg ei reise gjennom krig og kjærleik. Romanen er både sår og humoristisk. Den snakkar til oss på fleire plan, men den snakkar til oss gjennom språket og viser oss korleis språket er knytt til identitet og det å finne meining og skape minne i eige liv. Korleis skape minne om det ikkje fins knaggar å henge dei på?
 
Til ettertanke.  
 


Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...