14. mai 2014

En sang fra fortiden

  

av Katherine Webb


Dette er ei uforgløymeleg forteljing om forboden kjærleik og botnlaust begjær. Handlinga går føre seg i Dorset, Sør-England i 1937.
For 14 år gamle Mitzy Hatcher, som bur saman med mor si - medisinkvinne og prostituert, er livet mest berre husarbeid og einsame vandringar langs havet. Men då den berømte målaren Charles Aubrey kjem flyttande med si marokkanske «elskerinne» og deira to døtre, blir ho teken inn i varmen hjå denne eksotiske familien.

Aubrey ber henne om å sitje modell, og i løpet av dei tre somrane familien leiger feriehus her, går Mitzy sine følelser frå å vere eit barn si uskuldige beundring til ei vaksen kvinne sitt besetjande begjær.

Mange år seinare....Gallerieigar Zach Gilchrist er ekspert på den kjende kunstnaren som døydde i kamp under andre verdskrig. Han bestemmer seg for å fullføre biografien om Aubrey, og reiser til Dorset. Her startar jakta på kva som eigentleg hende mellom Aubrey og Mitzy for over 60 år sidan. Men det skal visa seg at det ikkje er like enkelt å nøste opp i desse trådane, for her møter han motstand.
Det han finn er både skremmande og fascinerande. Klarer Zach å løyse gåta rundt kunstnaren slik at han får fullførd biografien sin?

Ei god og spanande bok og forfattaren si tredje som er omsett til norsk.

Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...