3. feb. 2015

Frøken Jean Brodies beste alder

av Muriel Spark


Jean Brodie er lærarinne på ein jenteskule i Edinburgh på 1930-talet. Ho underviser jentene i tema ho finn langt viktigare i livet enn pensum, slik som kunst og eige kjærleiksliv. Hennar pedagogiske metodar er mildt sagt utradisjonelle. Seks jenter gjer ho til sine «fortrulege», den såkalla Brodie-klikken. Desse meiner ho har noko ved seg, dei er «crème de la crème» - heva over dei andre elevane. Rektor ved skulen er vel kjend med frøkna si uortodokse undervising. Ho ynskjer å kvitte seg med henne og leitar i fånytta etter prov, men ein dag svik ein av jentene i klikken, frøken Jean Brodie..

Boka si styrke ligg i eit lett, humoristisk og elegant språk. Saman med historia og dei komplekse karakterane, gjer dette at boka blir mangetydig og fascinerande. «Gi meg en pike i mottagelig alder, og hun er min for alltid!» seier frøken Jean Brodie. Ho er ei kvinne i sin beste alder – i følgje henne sjølv, og nett dette skal dei unge jentene få hauste frukter frå og bære med seg i resten av si tid. Jean Brodie er berre uforgløymeleg! Ho er ei fritenkjande kvinne med sterke meiningar. Ho trår over ein del grenser, så vel profesjonelle som etiske.. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ho gjerne manipulerer dei små har ho sjansen til det. Kor skremmande er ikkje det, når vi skjønar at Mussolini og Hitler er blant hennar store heltar? Jean Brodie er lunefull, og vi kjem kanskje aldri heilt innpå henne, men det er det som gjer boka så interessant. Ei liknande lærarinne skal du leite lenge etter!

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek



 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...