25. feb. 2015

Se ilden lyse over jord

av Nils Henrik Smith



…………..«To menn i dress i frukostsalen ved Hotel Belarus, Minsk, ein morgon i februar  2013, ifølgje vår tidsrekning. Det slo han at viss einkvan observerte dei no, ville dei sannsynlegvis (feilaktig) gå ut frå at han var ein aldrande,  distingvert, utanlandsk forretningsmann, kvithåra  og iført formelt antrekk, som naut frukosten i lag med sin yngre,  russiske kollega, før dei i lag skulle praie ein taxi (eller kanskje stige inn i ein ventande limousin) utanfor hotellresepsjonen og deretter straks fare av  garde til møtet eller konferansen som var planlagt i lang tid på førehand, og som var årsaka til at dei var i Minsk, i von om at det skulle kunne lukkast dei å inngå viktige avtalar, til sams glede og nytte, og eit nærare samband, ja, i beste fall til og med venskap, mellom deira respektive, høgst ulike nasjonar, og den tredje nasjonen dei var i, og der møtet, eller konferansen, av ukjente årsaker fann stad»……

Kva er ikkje lenger frå sanninga enn denne hypotetiske feilslutninga? Den eigentlege årsaka til at han befinn seg i Minsk er at han skal date ei kvinne som han har blitt kjend med etter at dottera overtala han til å lage ein profil på Facebook som formidlar kontakt med aust-europeiske kvinner. Eit begjær blir vekt i han. No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar.

Forfattaren har ein måte å skrive på som krev at du «er på» heile tida. Ein nydeleg roman der vi får innsyn i denne mannen si einsemd, tap og begjær. Ein liten godbit å kosa seg med.

Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...