27. apr. 2015

Døden kjører Audi

av Kristian Bang Foss

Ein sjeldan roman med tydelege, gode karakterar, der forfattaren meistrar kunsten å skrive fengjande med ei god historie i botnen, som attpåtil er både hysterisk morosam, absurd, sår og språkleg sterk med nydelege, poetiske innslag.

Reklamemannen Asger misser jobben etter ei uoppretteleg tabbe, og då sambuaren kastar han ut, går dagane som arbeidsledig med til alkohol og eit destruktivt liv i einsemd. Han tek etter kvart grep og får seg jobb som personleg assistent til den multifunksjonshemma Waldemar, som lir av alle utenkjelege sjukdomar og syndrom. Waldemar bur i eit forsøpla miljø i Stentofte, der håpløysa for lengst har fått overtaket på innbyggjarane og er i ferd med å kvele samfunnet. Då Waldemar ein dag fortel at han har ønskjer å reise til ein healer i Marokko, kjøper dei to mennene seg ein folkevognbuss og legg av stad. Det syner seg imidlertid at det er umogleg å kjøre frå døden... Resten av boka er som ein ellevill roadmovie, krydra med humoristiske scener ispedd vakre, lyriske skildringar.

Ein fengslande, særs velskriven roman, noko heilt utanom det meste anna eg har lese. Håpar og trur at Bang Foss får mange lesarar med denne supre boka, som vann EU`s litteraturpris i 2013.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...