8. mai 2015

Tilbake til Tall Oaks

av Kathleen Grissom


Når ei kvit slavejente bryt dei uskrivne reglane på ein tobakkplantasje, skjer ein tragedie som får fram det beste og det verste i folka ho har byrja å kalle familien sin.

Sju år gamle Lavinia blir foreldrelaus på eit skip frå Irland til Amerika. Kapteinen tek ho med heim til tobakkplantasjen han eig i Tall Oaks i Virginia. Der skal den lille, forvirra jenta med hukommelsestap bu og arbeide saman med slavane. Ho blir teke hand om av husholderska Belle, som er kapteinen si uekte dotter. Ulykkelege Lavinia møter ein stor og varm slavefamilie og får nokre gode år, men etter kvart bankar den verkelege verda på døra, og Lavinia må ta inn over seg samfunnet sine normar og forventningar knytta til det faktum at ho er kvit.

Ein dag får Lavinia beskjed om å flytte inn i herskapshuset for å bli ein del av kapteinen sin familie. Men bak den fine fasaden er forholda alt anna enn trivelege, herren i huset er fråværande og elskerinna hans avhengig av opium. Lavinia føler seg fanga mellom to verder. Ein dag blir lojaliteten hennar sett på prøve og ho blir  tvinga til å velje side, betente hemmelegheiter og farlege sanningar kjem fram i lyset - og liv blir sett i fare.

Tilbake til Tall Oaks er ein gripande pageturner av ein roman som stiller mange spørsmål og som utforskar meninga med familie, kjærleik og lojalitet.

Dette var ei god bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...