13. mai 2015

Bønn for Tsjernobyl

av Svetlana Aleksijevitsj

26. april i 1986 eksploderte den eine reaktoren på Tsjernobyl atomkraftverk i Ukraina på grensa til Kviterussland, og på under tre døgn vart dette ei global katastrofe.

Dette er bakgrunnen for boka til journalisten og forfattaren Svetlana Aleksijevitsj som har vakse opp i Kviterussland.

Ho har reist rundt i tre år i dei mest råka områda og prata med mange ulike folk. Ho har fått dei til å fortelja om korleis dei opplevde hendinga og om tankane og røynslene dei har hatt i ettertid. Ho let dei fortelja og gjev att historiene deira med deira eigne ord for å få stoffet mest mogleg autentisk. Dette er svært virkningsfullt og sterkt å lesa.

Svetlana Aleksijevitsj har skrive mange bøker og fått fleire prisar. To av dei er omsett til norsk, Bønn for Tsjernobyl og Krigen har intet kvinnelig ansikt. Bøker til ettertanke og ein forfattar verd å merke seg.

Torill Iversen, Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...