12. aug. 2015

Underkastelse


av Michel Houellebecq

Vi er i Frankrike i 2022. Det moderate partiet Muslimsk brorskap sin kandidat Mohammed Ben Abbes, har akkurat vunne presidentvalet. Islamsk styre med tilhøyrande sharialovgjeving vert innført gjennom ein demokratisk prosess.

Romanen "Underkastelse" har fått mykje merksemd. I tillegg til den kontroversielle tematikken, vart boka i heimlandet lansert same veke som attentatet mot satiremagasinet Charlie Hebdo fann stad. Hovudpersonen er den middelaldrande litteraturprofessoren François, desillusjonert, ekspert på dekadente Huysmans, med eit høgt forbruk av unge studiner. Kanskje står François som ein representant for heile den europeiske eliten og den vestlege sivilisasjonen som er i fritt forfall. Opplysingstida er over, religiøse strøymingar vinn fotfeste og tek over makta. Og president Abbes nølar ikkje. Etter kort tid er utdanningsinstitusjonane islamiserte, kvinnene er ute av arbeidslivet og fleirkoneri er innført. Korleis kunne det skje? Ytre høgre som kjempa med Muslimsk brorskap om valsigeren, tapte da venstresida og sentrumspartia støtta dei moderate muslimane. "Fjetret av sin grunnleggende antirasisme, var venstresiden ute av stand til å bekjempe ham, til å benevne ham." Slik forklarar forfattaren venstresida sitt forhold til Abbas. 

François på si side misser i fyrste omgang jobben ved Sorbonne, men etter relativt kort tid i tenkeboksen, vinn høge lønningar, prestisje og det forgjetta fleirkoneriet over skepsisen, han konverterer til islam.

Det er fiksjon og satire, men ein stiller seg jo likevel spørsmålet om kor realistisk scenarioet er. Mitt kall er ei å svare, men eg hadde stor glede av å lesa den tankevekkjande og medrivande boka. Sjølv stiller eg meg blant anna spørsmålet om kvar feministane er. Og i vårt samfunn der kvinnene er vinnarar i utdanningssektoren og på stadig fleire samfunnsområde, leikar eg med tanken; kva om kvinner og menn byttar roller i romanen? Ein velvaksen gourman(n)d ved grytene, ein velartikulert samtalepartnar til teen og ungjyplingar i tjueåra til "forlystelsen". It's about time, er det ikkje, damer? Iallfall i fiksjonen. Men vi må nok skrive ho sjølve. Hoho. 

Rita Mundal
Lom folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...