21. aug. 2015

Mandeltreet

av Michelle Cohen Corasanti



Michelle Cohen Corasanti har skrive ei gripande, sterk og vakker forteljing om den talentfulle guten Ichmad som veks opp i ein landsby underlagt israelsk militærstyre på 1950-tallet.

Tolv år gamle Ichmad blir vitne til at lillesystera, på grusomt vis, blir drepe av ei landmine. Kort tid etter blir faren arrestert, og familiens heim, levebrød og den frodige appelsinlunden blir konfiskert. Familien blir tvunge til eit liv i fattigdom og uvisse. Dei blir overvåka av israelarane og etter at dei vart jaga frå heimen sin, må dei bu i telt og nokre skarve pappesker. I hemmelegheit klarer dei å byggje seg eit bitte lite hus. Men etter berre nokre få dagar kjem israelarane og brenn ned huset på nytt. Dei hadde nemleg ikkje «byggeløyve». Det einaste som står att er familiens mandeltre. Løyve ville dei aldri fått i og med at faren sit fengsla.

Men Ichmad er fast bestemt på å forsørge familien, og ved hjelp av sine ekstraordinære evner i matematikk og fysikk, samt ein ivrig lærar, vinn han eit universitetsstipend som gjer det mogleg. Studiane fører han ut på ei inspirerande reise i ei verd full av fordommar, men også uendelige moglegheiter.

"Mandeltreet" er ein evig aktuell roman – ei dramatisk og sterk beretning om hat og konflikter, men også ei vakker historie full av håp og optimisme.

"Mandeltreet" er ein roman du ikkje klarer å leggje frå deg, den er intens heile vegen.  
Veldig god bok! Den finst også som e-bok.

(Her er ein liten "smakebit" frå boka.)

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...