10. des. 2015

Barneloven

av Ian McEwan

Advokaten Fiona lever i eit barnlaust ekteskap med universitetsprofessoren Jack, og saman har desse to eit lang samliv bak seg. Jack gjev imidlertid uttrykk for at han ikkje blir tilfredsstilt i samlivet, og etter kvart gjer han det tydeleg at han vil ha eit sidesprang for å leve ut lystene sine med ei yngre kvinne -for å oppnå kroppsleg ekstase ein siste gong i livet, som han så frilyndt seier det.

Fiona på si side har meir enn nok med seg sjølv, etter at ho får ei svært vanskeleg sak i fanget som dommarfullmektig i barnesaker. Eit sjukehus stemner eit foreldrepar for retten for å nekte den leukemiramma 17 år gamle sonen sin blodoverføring grunna religiøs overtyding. Dei lever eit strengt liv som Jehovas Vitne, noko som mellom anna inneber at dei tek totalt avstand frå blodoverføringar.

Etter at båe partar har vore gjennom sine prosederingar i retten, bestemmer Fiona seg for å oppsøkje den unge guten på sjukehuset. Parallelt med dette, går det skeive samlivet si kronglute gonge for Fiona og Jack.



McEwan skriv med ein forunderleg klokskap og ei sjeldan litterær styrke, og leverer her ei viktig bok om eit viktig tema!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek


 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...