16. des. 2015

Med himmelen under oss

av Anja Hagelund




25 år gamle Erika slit med tvangshandlingar. Ho likar ikkje ljoset og dagen, og ho går kvar onsdag på biblioteket for å låne bøker, bøker ho aldri les. Boka startar med at Erika blir tvangsinnlagt på sjukehus, og vi får ta del i kvardagen hennar på sjukehuset. Ho kan mykje om det å vere psykisk sjuk, noko som kjem fram under samtalar med psykiateren sin, Ole; han som skal halde styr på denne svært eksentriske jenta. Etter kvart skal Erika klare seg sjølv og ho får ein ny ven.

Vi ser verda frå Erika sitt perspektiv, og det enkle, men gode språket speglar Erika si enkle, men samstundes vanskelege tilnærming til livet. Sjølv med eit alvorleg tema er boka på inga måte mørk; ho er humoristisk, litt tragikomisk, men det er det som gjer boka så fin. Det mest alminnelege kan gjere Erika lamslegen, og ho kan kome med spottande utsegn:
- Det var jo du som ringte og ba dem om å komme. - Ja, ellers hadde jeg jo dødd! - Det er sant. - Hadde du klart å leve med det, Ole?" (underteikna si utheving, s. 33)

Romanen er kort og lett å lese.Tematikken er alvorleg, men høgst aktuell i dag, ikkje minst for dei unge som slit med psykiske problem.


Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...