14. jan. 2016

Den evige sønn


av Cristovão Tezza

Ein ung forfattar førebur seg på å bli far, det største ein kan oppleva her i livet.
Det finst ei heil ordbok med passande ting å seia om fødslar og det å bli foreldre. Lykke! Stoltheit! Kjærleik!
Ein son blir fødd, han har Downs syndrom. Skandala er eit faktum. Skammen er stor. Han er jo ein ambisiøs forfattar som med tida har tenkt å bli kjend og lest av mange menneske.
Men livet pressar seg på, slik det gjer for oss alle, og den ambisiøse forfattarspira må til slutt berre forhalda seg til det faktum at han har fått ein son med Downs syndrom.
I byrjinga er det fornektinga av sonen som pregar den unge faren som vil flykte frå både mor og barn. Etter kvart greier han å sjå sonen i eit nytt ljos og dermed òg bli fylt av kjærleik til vesle Felipe.

Grethe Stavheim Mømb                                                                                         Lesja bibliotek




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...