21. apr. 2016

Det er du som er Bobby Fischer

av Christer Mjåset


Håkon er i 40-åra og på veg attende til sin oppvekstby Lillehammer, for å ta del i begravelsen til barndomskameraten Kristoffer som har mista livet i ei bilulykke.
Vi får fort følelsen av at dette er ein tur han ikkje er glad for å ta. Ikkje berre fordi det er begravelsen til ein barndomskamerat, men han gruer seg fordi det samtidig betyr at han kjem til å møta resten av kameratgjengen og dermed er det truleg at det ubehagelege som skjedde den gong vil dukke opp som tema.

Håkon var aktiv i ein gjeng med gutar som stjal, oppbevarte og selde gjenstandar frå hus som stod tomme etter at eigarane hadde vorte fengsla for landssvik.                         

Agnes var einaste jenta som ein sjeldan gong fekk vera med. Ho var Håkon si fyrste store forelsking og ein nær ven. Mot slutten av sommaren forsvinn Agnes, saka blir aldri oppklara og dette er med å skapa ei stemning av uhyggje i kameratflokken. Etter den sommaren er dei aldri samla att, før denne dagen i begravelsen til Kristoffer.                                  
Når gravølet fortset i meir uformelle omgjevnader, ser vi at dei gamle opplevingane har sett varige spor. Spenningar som har vore fortrøngd i fleire tiår kjem til overflata. Kven var eigentleg Kristoffer, gruppa sin leiar? Tok han nokon løyndomar med seg i døden?

Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...