1. nov. 2016

Tante Amerika: om det ubotelige

av Per Qvale

Bokvennen , 2016


Sist på 1800-talet blir Karolina Olsson fødd i Värmland i Sverige. Etter ei stor sorg midt i tenåra, flyttar Karolina til Amerika, der ho tek seg jobb som barnevakt for barnebarna til Mr. Kellogg -han med cornflakesen. Då han blir enkemann, innleier desse to eit kjærleiksforhold i skjul for omverda. Stor blir difor sorga for Karolina då han giftar seg på nytt med den rike Carrie, som er jamgammal med han sjølv...

Etter 27 år kjem ho heim til Sverige, der ho flyttar inn i kårstua på garden til systera og mannen hennar. Kvar sommar har ho stor festivitas i kårstua den 4. juli, men ikkje av den grunn lesaren først trur. I tillegg står ho kvar einaste dag heile året nede ved postkassen og ventar på brev frå Amerika, ventar på kjærleiksbrevet ho er viss på ein dag koma frå Mr. Kellogg...

Med sine vidunderlege lansdskapsskildringar av den värmlandske naturen, har Qvale her skapt ein vakker roman sterkt knytt til landskapet, årstidene, blomane, fuglane og det såre i menneskesinnet. Ei lita perle av ei bok, frå ein forfattar som tidlegare i all hovudsak har oversett andre sine bøker. Måtte han berre kome med fleire frå sin eigen produksjon!


Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...