5. apr. 2017

Endetid

av Ole Kristian Ellingsen
Cappelen Damm, 2016


Lukkeleg ungdom 
18 år gamle Miriam er som tenåringar flest. Ho er ei livsglad og engasjert jente som gler seg til russetida. Ho har akkurat kjøpt ein russebil saman med venninnene sine - og så har ho fått ny kjærast.

Foreldra er ikkje heilt nøgde med den nye kjærasten - han med den fine bilen som kjem og hentar Miriam kvar kveld. Kven er han eigentleg?

Død og mareritt
16 år gamle Miriam blir funnen valdteke og drepe på Skøyen.

Den mistenkte flyktar frå Norge før drapet blir oppdaga. Han kjem frå Saudi Arabia – eit land som ikkje har utleveringsavtale med Norge.

To knuste foreldre slit med å takle kvardagen etter mordet på dottera. Mora gjer sitt beste for at livet skal gå vidare. Faren dyrkar sorgen. Han er sokneprest og har sjølv måtte trøyste foreldre i liknande situasjonar. Men den profesjonelle trøystaren let sorga ta overhand. Menneske og myndigheiter sviktar gong på gong. Politiets passivitet driv han til å ta saka i eigne hender.

Endetid er ein sterk og tankevekkande roman om tru, tvil og maktesløyse.

Boka er laust basert på Martine-saken frå 2008. Martine Vik Magnussen vart valdteke og drepe i London i 2008. Den mistenkte, ein mann frå Jemen, er fortsatt på frifot.


Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...