31. aug. 2017

Moderator

av Flu Hartberg

No Comprendo Press, 2016

Flu Hartberg er kjend som avisteiknar for Dagbladet, han gjev ut vitseteikningane Fagprat, og han er ein sentral medlem av kunstnarkollektivet Dongery. Moderator gjekk som føljetong i Dagbladet frå april 2014 til juli 2016.

Moderator startar med ein smell. Den høgrevridde vriompeisen Jarle brukar mykje av tida si på å kverulera på nettet. Han meiner verda er i ferd med å gå til helvete. Det er nett dette som skjer på fyrste sida: Oslo blir jamna med jorda medan Jarle sit i kjellaren og debatterer i kommentarfelta på internett.

Jarle går ut i ruinane og reddar snart sin rake motsetnad, den spinkle og langhåra Ludvig, ein aktiv SV-ar som meinar han vart redda av sykkelhjelmen som han beheld på gjennom heile teikneserien. Jarle meiner dei er utsette for eit muslimsk åtak, Ludvig er sikker på at katastrofa skuldast klimakrisa. Desse to vandrar gjennom Oslo på flukt frå lasarskytande dronar som "ZAPLAFF"ar dei få overlevande etter dommedag.

Sidan Moderator gjekk som føljetong, er kvar side som ein klassisk Asterix eller Tintin, med tydelege poeng og utstyrte med ein "cliffhanger".  Flu Hartberg omtalar seg sjølv som ein politikknerd, mest oppteke er han av innanrikspolitiske debattar og nyhende. Moderator er ein heilstøpt actionfyllt teikneserie full av humor, det er ei postapokalyptisk forteljing om heltemot, politikk, religion, teknologi og Bjarne Melgaard.

Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...