24. aug. 2017

Viviann, fri

av Kari Bøge

Aschehoug, 2017


Gjennom indre monolog tenkjer og reflekterer hovudpersonen Viviann over livet. Om barndommen, kjærleiken til Simon og forholdet til venninna Lin. Minna frå barndommen er vonde. Ho følte seg utanfor, det var meir viktig å sjå enn å bli sett, å forstå framfor å bli forstått. Det gav ho kontroll men lite nærleik. Foreldra døydde i ei bilulykke då ho var 13 år. Ho og søskena vart buande hos ei tante og ein onkel. Simon som kanskje var den store kjærleiken lever no saman med venninna Lin.

Viviann bur i huset ho arva etter eksmannen Marius. Huset er stort og ho har sjølv ein liten leilegheit og eit atelier. Resten av huset er eit slags kollektiv der unge menneske får bu billig. Dette var eit prosjekt ho ivra for, men begeistringa for kollektivet er borte og ho har isolert seg.

Dette er ei stilleståande og fin forteljing om kvinneliv og relasjonar mellom menneske. Forholdet til Simon er eit sentralt punkt . Mangla Viviann motet til å kjempe for han? Kor viktig er det tilfeldige som skjer i livet?

Viviann, fri er den 6. boka om Viviann, Lin, Marius og Simon. Boka kan lesast som ein frittståande roman. Den fyrste boka, Viviann, hvit, kom ut i 1974.

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...