26. okt. 2017

Glimesteinar frå islandsk visetradisjon

attdikta av Johannes Gjerdåker

Samlaget, 2017


Eg hadde sjølv mine diktardraumar, og visekunsten hadde liksom alltid vore der for meg som for andre islendingar, ei gamal kone som kommenterte frå ein krok det som fór forbi.

Dette skriv Bergsveinn Birgisson i etterstevet til boka Glimesteinar frå islandsk visetradisjon som nå er å finne rundt om i alle bibliotek i landet. Boka er ei attdikting av islandske viser, eit arbeid som Johannes Gjerdåker starta med allereie på femtitalet da han var på Island. 

På Island står diktekunsta og visetradisjonen sterkt. Viseforma ferskeytla har vore dyrka sidan 1300-talet fram til i dag. Forma er velkjend for dei fleste islendingar som kan ei rekkje slike viser utanatt. Her blir det arrangert tevlingar i visedikting, visedikting er stundom fast programpost på radioen og tilveksten av nye viser er framleis stor. Her kan ein oppleva at ein professor i geologi brått stoppar opp i eit tv-intervju for å deklamerer ei vise han har laga om den omtalte saka, eller at ein nyheitsreporter på Dagsrevyen byrjar innslaget sitt om ein kvinnekjær president i Amerika med å sitere ei vise. 

Ulikt annan skjønnlitteratur høyrer visa til i alle samfunnslag. I denne samlinga bidreg husmødre, prestar, bønder, professorar og fiskarar i tillegg til ein god del frå diktarkanonen.

Gjerdåker har vore tru mot tradisjonen og teke vare på versemålet fullt og heilt, også når det gjeld den gamle studlasetning (bokstavrim) som islendingane brukar. Dette stiller store krav til sin omsetjar. Det overgår mi forståing korleis det er mogleg, seier Birgisson om denne glimesteinen av ei bok. 
Sjølv anbefaler eg ei lita vise eller ti kvar kveld.  

Gøymd i fred i fanget ditt
finst 'kje meir å sakna;
berre eitt er ynsket mitt:
aldri meir å vakna
(Ásta Sigurđardóttir frá Álfaíma)

Rita Mundal,
Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...