7. des. 2017

Rigels øyne

av Roy Jacobsen

Cappelen Damm, 2017


«Rigels øyne» er den tredje boka om Ingrid frå øya Barrøy på Helgelandskysten.

«De usynlige» frå 2013 handlar om Ingrid, hennar familie og fiskebøndene på Barrøy frå 1913 til 1928.

I «Hvitt hav» frå 2015 er handlinga lagt til åra 1944 til 1945.  Nokre russiske krigsfangar frå fangeskipet Rigel vart skylt i land på Barrøy. Alexander var ein av dei og som Ingrid forelska seg i, før ho fekk han av garde, på flukt. Jenta med det svarte blikket, Kaja, kom etterpå.

I årets bok,«Rigels øyne», er handlinga lagt til 1946. Da er kvardagen tilbake etter sigersrusen i 1945. Ingrid bestemmer seg for å finne ut om Aleksander kan vere i live. Kaja er snart eitt år. Ingrid legg ut på ei vandring frå Helgeland sørover gjennom Norge. I støvlar og kjole, med sekk på ryggen og barnet på magen. Ho går, syklar, tar båt og tog. Kvar gong ho ber om ein stad å sove, spør ho om det er nokon som hugsar ein russar på flukt den siste krigsvinteren. Ho møter både hjelp og motstand på sin veg.

Krigen har gjort noko med menneska ho møter. Det same har freden. Kven kan føle seg heilt reine?

Nordland var det fylket som tok imot flest flyktningar under evakueringa i 1944. Russiske og jugoslaviske fangar bygde vegar og jernbaner i nord. Det døydde fleire russarar på norsk jord under krigen enn nordmenn.

God bok!

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...