20. des. 2017

Skada gods

av Tore Renberg

Oktober, 2017


Tore Renberg har endeleg levert tredje bok i Teksas-serien. Vi får nok ein omgang med barokk galskap og kriminell humanisme frå Noregs sørstatar. Hillevågsgjengen består av dei forsømte syskena Jan Inge og Cecilie, Rudi (Cecilies hyperaktive og stormforelska kjærast), Beverly (ex-prostituert svindlar frå USA som giftar seg med Jan Inge), og nokre unge krim-lærlingar (Ben, Rikki og Dejan). Dei eksisterer utanfor lova, dei er KrF-fans, dei diggar heavy metal og dei har liv på samvetet. Jan Inge vil så gjerne inn i samfunnet igjen, dei unge krim-lærlingane vil bli proffare kriminelle.

Handlinga foregår i desember 2012, Hillevågsgjengen føler seg akterutsegla blant oljerikingane og førebur seg på julehøgtida i Noregs rikaste by. Jan Inge skriftar for ein prest. Rudi havnar i ein skikkeleg farleg situasjon, både for sjel og liv. Ben, Rikki og Dejan kjem i bråk med ein annan gjeng skakkøyrde ungdommar. Beverly, tru mot seg sjølv, er på veg dit ho trur det er mest pengar. Gravide Cecilie tek eit oppgjer med livet og kjærleiken.

Som i dei føregåande bøkene i Teksas-serien, vekslar dei stutte kapitla mellom dei få karakterane vi blir kjende med. Det er ei lettlesen bok med mykje svart humor, flust med glad-vald og med ein stor kjærleik for dei som fell utanfor.


Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...