14. jan. 2018

Virkeligheten er ikke slik vi tror

av Carlo Rovelli

Spartacus, 2017


Eksisterer verkeleg tid og rom? Kva består røynda av? 

Forfattar og forskar Carlo Rovelli har brukt livet sitt på desse spørsmåla. I denne boka syner han korleis vår oppfatning av røynda har endra seg gjennom århundra, frå tidleg forståing av atoma til dagens kvantegravitasjon. Han tek oss med på ei fantastisk reise - vi ser for oss ei ny verd der svarte hol er i ferd med å eksplodere, romtid består av partiklar og det uendelege ikkje finst. 

Det byrjar med byrjinga, den fjerne opptakta til omgrepa som i dag gjer det mogleg for oss å ordne opp i vår forståing av verda. Den beskriv dei store oppdagingane i det 20. århundret - Einsteins relativitetsteori og kvantemekanikken - og rettar søkjeljoset mot kjerna i desse oppdagingane. Boka fortel om verdsbiletet som i dag etablerer seg som eit resultat av nyare forsking, og den diskuterer konsekvensane av desse ideane. 

Dette er ei populærvitskapleg bok, den er skrive for at vi skal kunne forstå mest mogleg utan å kunne noko frå før. Den forklarer ting frå eit forskingsområde der språket blir så teknisk abstrakt at det kan stå i vegen for sjølve innhaldet. Men Rovelli klarer altså å legge dette stoffet fram på eit vis som gjer at eg dels følte eg hang med, og at eg syntest det var heilt ok om det var noko eg ikkje forsto. Og når det er skrive med ein slik entusiasme som Rovelli har, kan ein lese om omtrent kva det skal vere. 

Og ikkje minst, dette må vere det vakraste bokomslaget som er laga!

Signe Thoresen Rolstad
Dovre folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...