av Elin Åsbakk Lind
Quintao Forlag, 2016

Boka vekslar mellom hendingar i Vestfjorden og Lofoten i 1962, og dagane då Mattias besøkjer Maria att på Landegode i 2014. I 1962 var Maria nygift med Johan, og i staden for å reise på den første skikkelege ferien saman med mannen sin, reiste ho heim til foreldra sine i Lofoten for å hjelpe dei, og for å arbeide på Fiskarheimen der. Det som skjer denne sommaren, får stor innverknad på livet hennar vidare. Johan på si side slit i årevis med psykiske vanskar, før han til sist vel å ta livet sitt heime på garden deira på Landegode.
Romanen skildrar vennskapen mellom den unge Mattias og den gamle Maria på nydeleg vis, der dei syg livsvisdom av kvarandre, og oppdagar at det å vere einsam er noko anna enn det å vere åleine. I eit nydeleg, poetisk språk skildrar Åsbakk Lind både karakterar og natur på uforgløymeleg vis. Ei vakker forteljing for dei som likar ei god historie innpakka i godt språk, og som gjerne kan anbefalast for alle som likar bøkene til Kristina Ohlsson.
Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar