28. feb. 2018

Den forbudte elven

av Chigozie Obioma
Font Forlag, 2017


Handlinga går føre seg i den lille byen Akure i Nigeria på 90-talet. Vi blir kjend med tiårige Benjamin og dei tre eldre brødrene Ikenna, Boja og Obembe. Faren har ambisiøse draumar for sønene. Han vil at dei skal bli legar, advokatar, ingeniørar og flygarar. Familien lever eit godt og harmonisk liv.

Men så ein dag endrar alt seg. Faren må flytte vekk grunna ny jobb, og mora er oppteken med dei to yngste barna sine. Brødrene får ein ny fridom.

Ein dag dreg dei for å fiske i den «forbudte elva». Her  møter dei den lokale galningen, Abulu, som er kjend for sine spådomskunstar. Brødrene skal angre resten av livet på at dei terga Abulu denne dagen – han spyttar nemleg  ut ein stygg spådom etter dei: Ein av brødrene kjem til å myrde den eldste broren, Ikenna.

Spådommen forfylgjer og tærer på familien. Om spådommen er riktig, kven kjem til å myrde Ikenna?

Dette er ei rørande, lågmælt og til tider brutal familieforteljing.  God bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...