7. mars 2018

Mor om natten

av Niels Fredrik Dahl

Oktober, 2017

«Mor om natten» handlar om jeg, hun og du. Forteljaren er jeg, ein forfattar som etter at mora dør, forsøker å nærme seg mora. Hun er mora som han heldt på avstand mens ho levde. Du er forfattarens kone, også forfattar, og den kvinna han elskar. 

Forteljarens barndom vart formørka av moras periodar med migrene og depresjon og av tausheiten i familien. Mora opplevde bombinga av Molde i 1940 og fekk ei ungdomstid prega av krigen. Faren svikta familien moralsk og økonomisk. Ho levde vidare med varige sår.

Fleire år før mora dør får sonen dagboka som ho skreiv dei åra da livet var som mørkast, da sonen var liten. Ho kallar den «nattboken». Han kvir seg for å ta imot dagboka, men gjev etter. Han begynner fyrst å lese i dagboka etter at ho er borte. Dagboka inneheld tankane ho heldt skjult for behandlaren ho søkte hjelp hjå.

Forteljaren prøver å rekonstruerer sitt eige og moras  liv. Det handlar om depresjon, arv og einsemd, skrivesperre, alkoholmisbruk, utroskap, om kjærleik i gode og onde dagar og om tapet av ei mor.

Niels Fredrik Dahl skriv fint om det å bli kjent med si mor. Og om kven han sjølv er som far, ektemann og forfattar. 

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...