7. feb. 2018

Mudderhund

av Inge Schilperoord
Aschehoug, 2017


Vi fylgjer den tretti år gamle Jonathan som har vorte tiltala for overgrep mot barn, men er førebels sett «fri» frå fengsel på grunn av manglande prov. Han har nå kome heim til den astmasjuke mora og det nedrivingsklare huset. Mykje står på spel for at han skal klare kvardagen. Han ynskjer sterkt å kunne leve eit normalt liv, så det blir særs viktig å gjere det fengselspsykologen har sagt; kvardagen blir tydeleg rutineprega. Eit viktig mål blir blant anna å halde liv i mudderhundfisken Tinca. Jonathan blir kjent med den ni år gamle nabojenta Elke som er veldig glad i dyr og vil vere med på å mate Tinca. Etter kvart blir det vanskelegare for Jonathan å halde tankane og kjenslene under kontroll, det å halde Elke på avstand. Di meir han prøver, di nærare verkar ho kome. Han er jo glad i barn og det siste han vil er å skade dei. Da Tinca berre blir dårlegare og dårlegare, er det som om noko i han òg brest.

Lengst inni ham glødet det også. Varmen fra blodet, det kokte, det dampet i hodet hans. Det var en straff, tenkte han. (...) "Nå skal det virkelig skje," sa han og grøsset. (...) Som om det aldri skulle komme noe annet enn dette (s. 188).

Boka evnar å kombinere det litt trauste kvardagslege med noko meir sanseleg og finstemt for samstundes å skildre det kaotiske, forvirrande og opprivande. Boka er som ein lauk – her kan vi oppdage og skrelle av fleire lag. Eit sterkt og truverdig innsyn i eit pedofilt sinn.

Omsett av Eve-Marie Lund.

For denne boka fekk forfattaren Bronseuglaprisen for beste debut, og boka har vore blant finalistane til fire andre prisar. Ho er omsett til ni språk.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...