21. mars 2018

Norrøne guder

av Johan Egerkrans
Spartacus forlag, 2017


Når eg er ute på bokprat i skulen, er historiar om dei norrøne gudane ein sikker vinnar. Eg har nytta meg av Tor Åge Bringsværd sin serie "Vår gamle gudelære", og fengsla ungane med norrøn mytologi.

No har eg ei ny bok eg kan formidle til barn og ungdom. Johan Egerkrans har både skrive og illustrert denne herlege boka som trygt kan anbefalast til eit vaksent publikum også.

Vi får dei mest kjende mytane frå norrøn mytologi, frå skapingssoga til ragnarok. Egerkrans presenterer også karakterane i mytologien, gudar og gudinnar, jotnar, dvergar og monster.

Illustrasjonane er verd å merke seg, dei er beint fram heilt fantastiske. Egerkrans har heilt klart sin eigen stil, med inspirasjon frå moderne fantasy, men også med klare referansar til gamle meistre som John Bauer og Theodor Kittelsen.

Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...