28. mars 2018

Ankomst

av Gøhril Gabrielsen
Aschehoug, 2017

Ein ung kvinneleg biolog skal fullføre doktorgraden sin ved å forske på korleis endringar i klima og atmosfære verkar negativt inn på førekomsten av sjøfugl. Forskningsarbeidet skal ho utføre ved å overvintre heilt åleine ved eit aude fuglefjell i Nord-Noreg, medan den vesle dottera skal bu hos eksmannen. Elskaren hennar skal etter planen all hemmelegheit kome etter på eit lengre besøk . Det ligg ei pirrande forventing til heile  opphaldet, som skal syne seg å bli heilt annleis enn ho har tenkt. 

Den vitskaplege ramma rundt forteljinga står i sterk kontrast til det turbulente kjenslelivet lesaren etter kvart får innsyn i, og det syner seg snart at heile opphaldet også er ei flukt. 

Gabrielsen flettar meisterleg inn ei eldre historie om ein familie som budde ved fuglefjellet frå gammalt av, ein familie ramma av ein tragedie som den unge forskaren blir bergteken av og lever seg inn i. Dette elementet høgdar spenninga i romanen, og styrkar verknaden av einsemda og desperasjonen kvinna opplever. I bakgrunnen dirrar angsten for mannen ho har overlate dottera til, og frykten for kvar det blir av elskaren som let vente på seg. 

Ankomst er ikkje mindre enn ein intens thriller frå øydemarka, ein thriller av svært høg klasse; stilsikker, nøktern, klaustrofobisk og uhyggeleg på same tid, medan store tema som samliv, kjærleik og tilhøvet mor-barn syng konstant i bakgrunnen. Absolutt ei bok for dei som også likte Til Vestisen av Tor Svanes. God påskelesnad!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...