24. okt. 2018

En strålende fremtid

av Catherine Cusset
Bokvennen, 2008

Opningsscena i "En strålende fremtid" skildrar den tidlegare rumenske Elena, no amerkanske Helena, som ei natt i 2003 finn ektemannen livlaus i senga med ein plastpose knytt rundt hovudet.

Sidan hoppar forteljinga langt bakover i tid, då Elena som lita jente blir adoptert av tanta og onkelen. Ho har få, vage minne frå den trygge, tidlege barndomen heime hos mora, og i 1941 emigrerer den nye familien frå Bessarabia til Romania saman med bestemor til Elena. Her syter adpotivforeldra ambisiøst for ei høg utdanning for dottera, medan mangelen på nærleik og kjærleik gjennomsyrar barne- og ungdomsåra hennar. Då ho forelskar seg i jøden Jacob, er dette eit stort nederlag for dei føresette, som gjer den gryande kjærleiken til ein kamp for dei to unge.

Elena og Jacob trassar kjærleiksforbodet, og då dei blir foreldre, flyktar dei frå det strenge rumenske regimet til Amerika via Israel med sonen Alxander. Då Alexander forelskar seg i den franske Maria, gjentek historia seg på eit vis ved at Helena i frykt for å misse sonen nektar han å gifte seg med den franske kvinna. No er det sonen som må kjempe for sin kjærleik.

Forteljinga er eit rikt psykologisk mellommenneskeleg drama, der det usagte hovudpersonane imellom spelar ei stor rolle. Maria skjønar etter kvart at ho må opne opp for svigerdottera for å vinne att tilliten til Alexander, og samspelet mellom dei to kvinnene, sett i samband med Helene si personlege utvikling, er særs interessant lesnad.

Romanen hoppar fram og attende i tid, og lesaren følgjer historia til Helena og Jacob parallelt med livet til Maria og Alexander. Ei rik bok med mange lag og gode personkarakterar, som i 2008 velfortent vann Prix Goncourt des lycèens.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...