20. sep. 2018

Vestlandet

av Erlend O. Nødtvedt

Aschehoug, 2017

Lyrikaren Erlend og biletkunstnaren Yngve fyllekøyrer omkring på vestlandet med hovudskallen til opprøraren Anders Lysne (halshoggen i 1803) i bagasjerommet på ein gamal Toyota Camry. Dei har stole Lysne i Bergen og vil frakte han heim til Lærdal. Fyrst vil dei finne vestlandet, dei vil møte motstand og motbør, regn og ville stormar, opne "posen pub" på mange plassar og møte på mange av dei store levande og daude kulturpersonlegdomane frå vestlandet. 

VFF (Vestlandske frigjeringsfront) vil ha skallen, den skumle "Austmannen" er og i hælane på heltane våre, Gjest Baardsen-sylv er gangbar valuta. 

Kapitla har namn etter kor dei køyrer. I kapitlet "Losna - Kvamskogen - Hardanger - Fylkesgrensen på Hardangervidden", kjem det eit gullkorn frå Yngve når dei har brote seg gjenom bommen då fjellovergangen er stengd på grunn av storm: "Denne whiteouten kommer til å fylle hver eneste blackout jeg noensinne har hatt, rett og slett då." Lærdalsmarknaden vart skildra slik: "...vi hører ville skrik fra en annen del av markedsplassen, vi får høre at noen fjordinger har mistet forstanden og slitt seg og løpt løpsk, det er mange skadde, det er uklart om det var sunnfjordinger eller nordfjordinger som har kommet seg løs. Det har også vært noen episoder med folk som har blitt trampet ned av hester."

Vestlandet er ei ellevill vegreise (road-trip), ho er fantastisk morosam, ei bok vestlendingar kan vere stolte av og ei lærerik bok for austlendingar. 

Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...