26. nov. 2018

Tre vegar til havet

av Brit Bildøen
Samlaget, 2018

Ei kvinne går og sparkar i lauvet og pratar halvhøgt med seg sjølv med sint stemme. Etter seg dreg ho ein trillekoffert med ein daud katt. Katten plasserer ho på trappa hjå mannen som ho kallar Staten. Ho har overvaka Staten og kona hans i fleire veker nå. Katten skal vera eit varsel. Staten skal ikkje kjenne seg for trygg.

Ei kvinne går og ventar på eit brev. I fleire år har ho venta på dette brevet. Ein dag ligg det i postkassa med logoen Bufetat region øst. Ho vurderer å vente med å opne det til mannen kjem heim frå jobb. Men ho har venta så lenge og riv opp konvolutten. Overskrifta lyser mot ho:
Avslag på ny søknad om forhåndssamtykke til adopsjon av barn fra utlandet etter fire år. 

Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Ho bur einsleg, held seg for det meste for seg sjølv, omset bøker frå fransk og jobbar deltid på fuglestasjonen der ho ringmerkar fuglar.

Desse tre historiene i Brit Bildøen si nye bok, Tre vegar til havet, vev seg fint saman til ei gripande og sår forteljing om det å ikkje kunne få eit etterlengta barn. Det er ei truverdig framstilling av kva som kan skje eit elles fornuftig menneske når draumen raknar og ein står liten og hjelpelaus overfor ei overmakt ein ikkje kan få has på. Vi får ta del i forventninga som brest, sorga, sinnet og desperasjonen som følgjer. Det vonde blir skildra i eit finstemd språk på ein omsynsfull og lite påtrengande måte. Dette forsterkar det heile og vekkjer trongen til å gå inn i boka og varsamt omfamne den barnlause kvinna. Boka er like fin og forseggjort inni som utanpå. Omslaget som står godt til innhaldet, er laga av Stian Hole. Tre vegar til havet er ei bok eg kjem til å bera med meg lenge.

Rita Mundal
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...