4. des. 2018

Landsbyen

av Juli Zeh

Gyldendal,  2017


I romanen Landsbyen blir vi kjent med dei som bur i Unterleuten, ein liten fiktiv plass på landsbygda i Brandenburg utanfor Berlin. Dette området var ein del av det gamle DDR. Etter Berlinmurens fall i 1989 flytta mange hit frå Vest-Tyskland, mange av dei på grunn av den uberørte naturen med mange sjeldne fugleartar.

Her lever dei rundt 300 innbyggjarane sitt eige liv. Skjer det noko, ordnar dei opp i ting sjølve og kontaktar ikkje politiet. Sommaren 2010 blussar gamle konfliktar opp når det kjem planar om ein vindmøllepark ved landsbyen. Jorda blir plutseleg mykje verd og to av dei som har størst eigedom frå før manglar akkurat den biten som er nødvendig for å byggje. Og eigar av den jordlappen er den kyniske og hestegale Linda Franzen.

Dei andre personane vi blir kjent med viser korleis det er å bo i ein liten by der alle kjenner alle og der familiebanda er sterke. Det skjer forferdelege ting og hemmelegheiter blir avdekt.
Boka er innhaldsrik med mange personar å halde styr på, ho er spennanda og humoristisk.

Omsett frå tysk av Eivind Lilleskjæret.

Juli Zeh er forfattar og jurist og debuterte i 2001 med samtidsromanen Ørn og engel. Ho har fått mange prisar for bøkene sine , m.a. Per Olov Enquists pris i 2005 og Hildegard von Bingen-prisen i 2015.

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...