21. mars 2019

Det merkelige tilfellet Leira og Doktor Dirdiksen : to svigerbrødres bekjennelser

av Martin Tesli
Vigmostad Bjørke, 2018


Etter ein samankomst på familiehytta på ei øy i Oslofjorden, hamnar svigerbrørne Leira og Doktor Didriksen opp i ein durabeleg fyllekrangel. Morgonen etter vaknar dei båe opp med ein sviande skallebank, og oppdagar til sin store skrekk at verda har endra seg drastisk i løpet av natta. Alle husa er borte, ingen andre menneske er å sjå, og berre geografien er den same gamle. Dei blir etter kvart einige om å stele ein båt som ligg tjora i vannkanten, og ror inn til Hovedøya. Der møter dei nokre munkekledde menn som tek dei med inn til ein forfylla "abbed" i eit kloster, og det syner seg at dei har hamna heilt tilbake til året 1514!

Den sympatiske fredsforskar Leira meiner dei må vere med i eit slags realityshow, medan Didriksen hevdar at dei på mystisk vis må ha vorte med på ei tidsreise, og slit med panikk for korleis dei skal kome seg "tilbake". Den hovmodige "abbeden" er pågåande og stiller dei mange nærgåande spørsmål om alt frå religion og interesser til  kva for yrke dei to inntrengjarane har, og vanskane ballar på seg når Didriksen forfektar Darwinismen, medan Leira freistar å forklare at han han er fredsforskar med ei glødande interesse for fotball. Leira blir av ymse grunnar både mishandla og torturert som fange i eit sauefjøs, medan Didriksen i kraft av sin yrkesbakgrunn får i oppdrag å kurere den sjuke elskerinna til sjølvase kong Christian II. 

Forfattaren bak denne festen av ei bok er psykiateren Martin Tesli, som her debuterer med ei velkomponert skrøne og ei humoristisk tidsreise av det sjeldne slaget, i romanen ført i pennen av den pesjonerte psykiateren Elias Eftedal, som i si tid skreiv ein doktorgrad om dobbeltpsykose. Absolutt eit artig innslag i bokstabelen!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...