8. mars 2019

På den andre sida er mars

av Sólrún Michelsen

Fonna, 2017


På den andre sida er mars handlar om ei kvinne i sekstiåra, forteljaren, som står mellom barnebarna og den gamle mora. Den kortaste delen av livet står att for henne og mora er på veg ut av livet. 

Forteljarens eigne minne blir vevd saman med moras, spesielt frå barndommen. Vi får høyre om ein fin fisketur med faren, der dottera  klarer å få fangsten i land, heilt aleine. Mora er ei glad og moderne mor for dottera og hennar venninner. Ho er også den som alltid får besøk, fordi ho tek imot gjester slik at dei skal få lyst til å kome att: ”Klag aldri!” og ”Sjå alltid ut som om du er glad for og overraska over å sjå dei!” 

No mistar ho sakte mora, som blir dement og visnar bort. Samtidig ser forteljaren sin eigen alderdom koma. Gjennom boka ventar dei utålmodig på den nye sjukeheimen som er under bygging, og forteljaren håpar halvegs i skam at mora skal greie seg til den er ferdig. Når mora til slutt kjem på sjukehuset og livet nærmar seg slutten, da er det sorga som tek over.

På den andre sida er mars handlar om kvinners roller i livet og om sjølve tilværet, fortalt med ein lys og humoristisk tone.

"Ei nedsliten loftstrapp er vakker. Livet har runne som ei elv nedetter trinna og gitt henne den skapnaden ho no har. Som steinen på elvebotnen. Trappa ber bod om små føter trippande opp og ned, ein pludrande bekk av liv som har bore så mange fram til dagen i dag."

Romanen vart innstilt til Nordisk råds litteraturpris  i 2015.  

Boka kom ut på færøysk i 2013 og er omsett til nynorsk av Lars Moa.



Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...