av Tor Åge Bringsværd
Cappelen Damm, 2018
Ein av mine store favorittar, Tor Åge Bringsværd, vert 80 år i år. I anledning jubileumsåret ynskjer eg å sette fokus på Tor Åge sin store og fantastiske katalog. Sjølv oppdaga eg Bringsværd på 90-talet, og elska Gobi-bøkene og novellene om Bløtkakemannen.
"Når du minst venter det" handlar om Marco Polo sin frigitte tenar Pietro. Han vart teken frå foreldra som lite barn og utdanna på oppdrag frå herskaren Kublai Khan, og gjeven som tenar til Polo i 1275. Lite er kjend om Pietro, men han er nemnd i Polo sitt testamente.
Året er 1325, Marco Polo er død, og Pietro har forlatt Venezia. Han søker ly blant Ildfolket (Zarathustra-religionen) i Persiske Yazd, ein by full av konfliktar mellom herskarar, røvarar, stammar, religionar og eventyrarar. Her får han seg eit par nye vennar - ein kar utan tunge og ein hund. Desse nye vennane er lydhøyre for Pietro sine forteljingar frå eit liv fullt av opplevingar i Kina og Venezia.
Ei vakker bok full av livsvisdom og forteljingar slik som berre Tor Åge Bringsværd kan varte opp med. "Det vakre med å skrive, er at vi kan hoppe frem og tilbake. Vi trenger ikke godta den rekkefølgen som sol og måne ellers påtvinger oss. Det er en vidunderlig frihet!"
Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar